GyridBlaBla

Thursday, September 21, 2006

Gigantisk edderkopp gitt!


Det er rart, men det skjer. Og det ikkje berre med andre. For litt sidan vart eg invadert av eit uhyre i min eigen heim. Panikkangst. Hjertebank, kaldsveitte og hyperventilering. Det er ikkje greitt å vere heime åleine i ein slik situasjon. Etter ein kamp bokstavelig talt på liv og død var det eg som kom sigrande ut. Dei meir objektive vil vel kanskje seie at det skulle berre mangle, men i kampens hete tenkjer ein ikkje alltid klart. Ikkje når motstanden er regelrett gigantisk! Ikkje har eg sett maken i alle fall! (Då utanom på tv og i terrarium, men desse har eg i det store og heile unngått å sjå på.) Med ein kropp på storleik med veslefingernaglen og eit beinspenn på minst fem centimeter (i krøka tilstand) kan ein slik få den beste rådlaus. No spørs det om søvnen fram over vert den same. Lufting har i alle fall vorte eit mareritt…

For den som tviler har eg festa beviset til film. Og det er ei krone som ligg ved sida av kadaveret.. Det er rart med det, men frykta forsvinn når eg står over for eit daudt eksemplar av invasjonsudyret edderkopp.

1 Comments:

At 7:49 AM, Blogger Sverre Strandamann said...

Godt at du joinar bloggverda, har lagt link til deg på mn blogg. Når lanserer forresten Tmr sin blogg? Lykke til med grønforet!

 

Post a Comment

<< Home