GyridBlaBla

Tuesday, November 28, 2006

Eit vell av gåveidéar

Med ein jobb i til bords er det vanskeleg å ikkje alle reie ha byrja tanken på Jula. Og no nærmar den seg med stormskritt. I samband med dette tenkte eg å dele med dykk nokre av dei fantastiske varene eg skal selje og pakke inn no i den komande adventstida. Og her bør der vere noko for ein kvar smak!

Juleserviset God Jul frå Magnor inneheld nok nissar til å sparke igang ordentleg god nissestemning. Magnor går nok ein gong i bresjen for nissejula med sine raude og blå glasnissar i ulike storleikar.


Og deretter er de berre å fortsettee med meir og mindre nyttige, og julete saker til kjøkkenet.


Kva med ein brødristar med froskemotiv?



Eller ei oppvaskbørste til å muntre opp det ellers så keisame kvarteret det tek å ta oppvasken?


Kanskje det heller kan friste med ei kakespade med musikk? Heile fire ulike melodiar kan spelast av medan kaka vert servert.




Vi kan og by på god hjelp med matlaginga med det nye garlic card, eit hendig lite kort til bruk for å raspe kvitlauken så fin som du berre ynskjer.




Og vil kan by på ei råstilig knivblokk for den med svart humor.


Så med dette ynsker eg lykke til med juleforbereiingane, og ha ei fin adventstid!

Ps: Om det skortar på former til pepperkakebakinga kan eg hjelpe med det og. Me har krokodillepepperkakeform, dinosaurpepperkakeform, elgpepperkakeform, kamelpepperkakeform og so bortetter. Som nemnt, noko for ein kvar smak.

1 Comments:

At 5:35 AM, Blogger Paul said...

Får du ekstra gronker for å reklamera for dei greiene på bloggen din, eller????

 

Post a Comment

<< Home