GyridBlaBla

Tuesday, March 27, 2007

Lat humla suse!



So er våren komen til Bergen! Og det med bravur! Etter to dagar med skinande sol spratt krokusen opp av jorda og humla starta suse. Jammen er det kjekt. Og det er ikkje lite freistande å gjere som humla, berre suse, men då vert det diverre ikkje gjort så mykje anna. Susing må difor vente til ut i mai. Då skal det til gjengjeld susast til den store gullmedaljen. Med dette vesle vårteiknet ynskjer eg alle ein riktig flott vårdag, både dei i Bergen og alle andre som skulle kome til og lese dette. Og om du kan, gjer som humla!


0 Comments:

Post a Comment

<< Home