GyridBlaBla

Friday, February 15, 2008

Å ta att det forsømde..

..er ikkje enkelt. Like vel vil eg om ikkje anna freiste å bøte på situasjonen. I staden for tomatar og slikt (det er ikkje akkurat sesongen for det no), kjem det denne gongen noko heilt anna (men like fullt ferskt og grønt).



Denne kjolen strikka eg til ei lita jente i Naustdal. Om ho set pris på han veit eg ikkje, men mora såg i alle fall ut til å gjere det. Der finst i alle fall ikkje maken, og maken finst der ikkje til jenta heller, so det skal nok passe bra.

Med dette takkar eg for meg for denne gong og satsar på å ikkje falle heilt av.

2 Comments:

At 2:01 PM, Blogger Bente said...

Mora var veldig glad og fornøgd og viser stolt fram kjolen til alle besøkande. Iallefall til dei med interesse for sånt. Vi gledar oss stort til frøken Løken veks inn i den!

 
At 1:37 AM, Anonymous Anonymous said...

E det itje på tide me får hørra om tomater igjen nå??? Bør vel varr sesong nå, vel?

 

Post a Comment

<< Home