GyridBlaBla

Sunday, August 27, 2006

Om tomatar

Som den observante Herr Tmr Mwel so kjekt peikar på, ser vi på biletet i min førre post ikkje berre den flotte squashen, men og fleire meir eller mindre mogne tomatar. Både squashen og tomatane vart konsumert med stor glede, og etter påtrykk legg eg no inn bilete av fleire tomatar. Det gror på verandaen i Nye Sandviksveien, og ingen ting er så godt som heimedyrka grønsaker! I dag hausta eg min andre squash - som nok og vert den siste.

Dei av dykk som kjenner litt til tomatdyrking forstår nok at gleda er stor ved avlinga. Ingen ting er så godt som solmogne tomatar dyrka på eigen veranda. Og Herr Mwel er hjerteleg velkomen til å smake. Det er berre å forsyne seg.

Gyrid

Sunday, August 06, 2006

Meir BlaBla på nett


For å gjere mylderet av BlaBla på nett endå større, har eg bestemt meg for å bidra med mitt. I fyrste omgang vil eg nøye meg med å dele den fyrste grønsakshausten frå verandaen i Nye Sandviksveien med omverda. Ein stor, fin og grøn squash som er eg snart skal ete med stor glede.

Det får vere alt for no, men om ikkje lenge kjem oppføljaren

Velkommen tilbake!