GyridBlaBla

Thursday, April 26, 2007

O glede!

Midt i stressande oppgåveinnlevering er det ein ting som skinande klart lyser opp tilværet. Bjørk kjem med nytt album (om det ikkje er nytt, er det i alle fall gledeleg!) Volta kjem ut 7 mai og det vert forhåpentlegvis ein gledens dag. Det nye albumet skal vere meir rytmisk bråkete og ha eit meir fargerikt lydbilde enn dei to føregåande albuma (Vespertine, 2001 og Medulla 2004) som var meir dempa.





Det er mykje å glede seg til!

Friday, April 06, 2007

3d galskap

I tider med endelaus tekstretting og tabellar og figurar i alle storleikar og fasongar, legg spelegalskapen kjapt ei klam hand over ei stakkars lita studine. No sist er det 3d logikk som øydelegg heile konsentrasjonen.

Det verste er at level 16 var så langt som eg kom, men sta som eg er nektar eg og godta dette og stirer til augene vert firkanta og såre.

Gode vener, om de kan hjelpe meg vert eg blid. Fortell meg korleis level 16 kan løysast!



Om lekkja ikkje fungerer, her er adressa: http://www.onemorelevel.com/games.php?game

Eg treng å kome vidare med viktigare ting!